Tilsynsrapporten fra NVE er mottatt og den bekrefter det som ble sagt og opplevd på befaringa mandag.

Utklipp fra rapporten:

Anlegget er i avsluttande byggefase, og tilsynet kom i stand etter initiativ frå konsesjonæren. Nokre område er arrondert og til dels ferdigstilt. Etter NVE si vurdering er det godt samsvar mellom NVE sine forventningar til sluttresultat og eksempelområda som er ferdigstilt.

Verksemda har etablert eigen byggeblogg http://byggeblogg.haarakraft.no/#home der ein kan fylgje utviklinga i prosjektet dag for dag. Mellom anna ligg det inne verksemda sin eigen rapport frå tilsynet måndag 23 juni.

Frå inntaket i Håraelva og 2-300 m nedover har entreprenøren arrondert eit eksempelområde. Etter NVE si vurdering er dette gjennomført på ein framifrå måte med gode overgangar til kringliggjande området. Det ligg att noko trevirke i ytterkant av arbeidsområdet, i hovudsak bjørk, som verksemda har planer om å fjerne.


Verksemda har etter innspel frå grunneigarar, turistnæringa og andre, fremja ynskje om å etablere ein tursti langs rørtraseen. Det er laga eit forslag i det ovanfor nemnde området. Det er etablert som eit meterbreitt felt nedetter traseen som er flata ut, og jordslått som resten av området. Etter NVE si vurdering er dette eit positivt tiltak og har utover dette ingen merknader til denne tilrettelegginga.


I det brattaste partiet ned mot RV 13 er det til dels mykje store blokker og lite vekstmassar. Konsesjonæren skisserte ei løysing med å lage ei orna ur, dva samle nokre av blokkene i eit område og la desse framstå som ei ur. Vidare er det planar om å jordslå resten i tørst mogeleg grad på nivå med eksempelområda lenge opp.

Vi ønsker, uavhengig av myndighetene, å få til et godt resultat, gjerne slik at området også kan nyttes mer enn tidligere så vi setter stor pris på at myndighetene er på lag. Det blir spennende å se hva dette positivt vil bety for Håra – innbyggere, hytteeiere, besøkene og andre – fremover. Fiskemulighetene ved utløpet er også noe som det blir spennende å følge.